— En unik, ny bearbeidelse av Griegs musikalske epos.
De neste to sesongene er vi svært stolte av å ha TrondheimSolistene som vårt aller første residensensemble. Samarbeidet braker løs med et program som allerede har fått strålende kritikker langt ut på kontinentet: PEER GYNT med solist Ragnhild Hemsing.
“Lysende nytolkning av nasjonalskatt.” — Maren Ørstavik, Aftenposten
Komponist Tormod Tvete Vik har tatt for seg Edvard Griegs tonesetting av Henrik Ibsens store skuespill — og omarrangert dette i en ny og folkemusikalsk drakt med kombinasjonen av fiolin og hardingfele i sentrum. I tillegg får vi oppleve verker av finske Aulis Sallinen og svenske Britta Nyström som på hver sin måte løfter frem og bringer oss inn i det nordiske tonespråket.
I mars spilles programmet for første gang i hovedstaden, hos oss. Direkte etter konserten reiser ensemblet videre til turné i Tyskland, og vi føler oss svært heldige som får gi denne eksklusive opplevelsen til vårt publikum i Oslo. Les en personlig hilsen fra solist Ragnhild Hemsing under, og sikre deg billetter nå!
TrondheimSolistene
Ragnhild Hemsing hardingfele & fiolin
Geir Inge Lotsberg kunstnerisk leder
Program
Aulis Sallinen (f. 1935): Strykekvartett nr. 3, op. 19 "Some Aspects of Peltoniemi Hintrik's Funeral March" i arrangement for strykeorkester
Britta Byström (f. 1977): A walk to Gade (2017)
Edvard Grieg (1843—1907): Peer Gynt-suite, arr. Tormod Tvete Vik
Varighet ca 75 minutter. Programmet er uten pause.
Om PEER GYNT, skrevet av Ragnhild Hemsing
“Edvard Grieg har sjølv sagt at Peer Gynt-musikken hans er inspirert av norsk folkemusikk. Med det i tankane har ønsket mitt med dette prosjektet vore å trenge djupare inn i lydverda til Peer Gynt-musikken og utforske det spennande skjeringspunktet mellom folkemusikk og klassisk musikk.
Eg har spelt folkemusikk parallelt med klassisk musikk gjennom oppveksten, og eg har alltid vore fascinert av både likskapane og kontrastane mellom dei to tradisjonane, når det gjeld spelestil og lydbilde. For meg berikar desse instrumenta og dei to sjangrane først og fremst kvarandre, når dei blir knytte til kvarandre. Faktisk har kombinasjonen av desse sjangrane vorte den musikalske identiteten min.
Eg synest det er veldig interessant å sette saman eit repertoar av verk av ein komponist som er inspirert av folkemusikken og folketradisjonane i sitt eige land. Musikkstykke i eit slikt repertoar kan nokre gonger sitte naturleg og behageleg saman, men dei kan også innehalde kontrasterande element som skjerpar samanstillinga. Dette er innslaget — kontrasten — som opnar vegen for hardingfela, med slektskap til den klassiske fiolinen og folkemusikk-DNA-et den har. Det er ingen motsetningar i å ha begge instrumenta i same program, eller spele same musikk. For meg er det alltid viktig å vere open for påverknad utanfrå, og eg synest det er fantastisk at komponistar i dag ofte bruker folkemusikk på det musikalske språket sitt.
Scenemusikken til Peer Gynt kan no høyrast i ny kledning og lyd, arrangert av Tormod Tvete Vik. Eg har hatt ein idé og visjon rundt dette prosjektet i mange år og har alltid trudd at delar av musikken ville passe perfekt på hardingfela i kombinasjon med solofiolin og strykeorkester. Eg ønskte å dykke ned i stoffet i djupare musikalsk forstand, svært medviten om at folkemusikken og hardingfela var inspirasjonskjelda bak. Og eg er alltid open og klar for å bli overraska og utfordra undervegs i prosessen.
På fleire av dei nyarrangerte Peer Gynt-stykka improviserer eg på hardingfela. Med folkemusikk-røtene mine er det noko eg finn naturleg, og det er ein måte å svare på fridommen eg kjenner i musikken og på tradisjonen som eg ønskjer å bringe til den klassiske sjangeren.
Dette prosjektet er altså eit forsøk på å utforske samanhengen mellom norsk folkemusikk og klassisk musikk ved å gjenopplive folkerøtene til Griegs Peer Gynt-musikk. Det har vore spennande og givande å jobbe med arrangøren Tormod Tvete Vik i denne utforskingsprosessen. Eg er også veldig takksam for samarbeidet med TrondheimSolistene om dette prosjektet, eit eminent strykarensemble som eg har likt å spele med fleire gonger tidlegare.”
Velkommen til en stor kunstmusikalsk opplevelse!
Foto: Nikolaj Lund